Personvernerklæring

Personvernerklæring for Nasjonalt senter for yrkesfag

2. oktober 2026

Oppdatert 6. oktober 2026

1 Kven er behandlingsansvarleg?

Nasjonalt senter for yrkesfag (NSY) er ein aktør med ei heilskapleg tilnærming til yrkesfagleg utdanning i Noreg. Senteret er ein pådrivar for samarbeid, kunnskapsutvikling og innovasjon på heile yrkesfagfeltet.

NSY er organisert som ei avdeling i Utdanningsdirektoratet, og Utdanningsdirektoratet er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar som skildra i denne personvernerklæringa.

2 Kvifor behandlar vi personopplysningar om deg?

Udir behandlar personopplysningar for desse føremåla:

  • Informere om arbeidet og aktivitetane til Nasjonalt senter for yrkesfag (NSY) (besøkjande på nettsidene)
  • Administrere påmelding til den nasjonale yrkesfagkonferansen og andre arrangement i regi av NSY (påmelde)
  • Ta imot og behandle søknader om prosjektstøtte og tilskot (søkjarar (kontaktpersonar hos verksemder og organisasjonar))
  • Sende ut nyheitsbrev (påmelde)
  • Utarbeide anonymisert nettstatistikk for å vidareutvikle nettsida (besøkjande på nettsida)

3 Kva er det rettslege grunnlaget for at vi kan behandle personopplysningane dine?

Det rettslege grunnlaget for å informere om arbeidet og aktivitetane til NSY, påmeldingar til arrangement og mottak og behandling av søknader er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e) allmenta si interesse eller utøving av offentleg styresmakt.

Det supplerande rettsgrunnlaget for behandlinga er Statsbudsjett 2025 Kap. 226, post 21, konkretisert i tildelingsbrev til Udir (4.2) og oppdrag nr 2025-06 frå Kunnskapsdepartementet til Utdanningsdirektoratet om etablering av eit nasjonalt senter for yrkesfag.

For nyheitsbrev og valfrie informasjonskapslar er det rettslege grunnlaget artikkel 6 nr. 1 bokstav a) samtykke. Det er frivillig å melde seg på nyheitsbrev og arrangement. Det får ingen konsekvensar for deg om du lèt vere, og du kan trekkje samtykket tilbake når som helst.

4 Kva personopplysningar behandlar vi?

Vi behandlar desse opplysningane om besøkjande på nettsida, personar som melder seg på nyheitsbrev eller arrangement, og personar som tek kontakt med senteret.

Ved påmelding til nyheitsbrev eller arrangement i regi av NSY behandlar vi:

  • Namn på kontaktperson
  • E-postadresse
  • Telefonnummer (ved påmelding til arrangement)
  • Organisasjon og organisasjonsnummer (ved påmelding til arrangement)

Ved søknader om tilskot/støtte behandlar vi:

  • Namn på kontaktperson
  • Organisasjon og organisasjonsnummer
  • E-postadresse
  • Telefonnummer

Ved besøk på nettsida behandlar vi:

  • IP-adresse
  • Opplysningar om bruk av nettsida, samla inn via informasjonskapslar (sjå punkt 10)

5 Kven kan ta imot personopplysningane dine?

Personopplysningane kan bli gjorde tilgjengelege for tilsette i Utdanningsdirektoratet som har tenestleg behov for det, og for eventuelle databehandlarar, sjå punkt 5.1.

5.1 Kven er databehandlarane våre?

Databehandlaravtalar med eksterne leverandørar regulerer korleis leverandørane skal behandle personopplysningar på vegner av oss. Databehandlarar behandlar berre personopplysningar etter instruks frå Utdanningsdirektoratet, og kan ikkje bruke personopplysningane til andre føremål enn det som følgjer av avtalen. Databehandlarane våre har same teieplikt som dei tilsette våre.

5.2 Kven kan vi utlevere personopplysningar til?

Utdanningsdirektoratet er omfatta av offentleglova. Det inneber at saksdokumenta og journalane våre og andre liknande dokument som hovudregel er opne for innsyn. Vi utleverer dokument og samanstillingar i samsvar med offentleglova når vi får inn eit krav om innsyn, bortsett frå når dokumentet, journalen eller samanstillinga inneheld opplysningar som er underlagde teieplikt etter lov eller forskrift, eller bør unntakast frå innsyn med heimel i offentleglova.

6 Kor lenge lagrar vi personopplysningane dine?

Kontaktopplysningar frå abonnement på nyheitsbrev blir lagra så lenge du er påmeld, og blir sletta med ein gong når du melder deg av. Kontaktopplysningar i samband med arrangementspåmelding blir lagra så lenge du er påmeld, og blir sletta seinast 30 dagar etter at arrangementet er gjennomført.

Førespurnader og søknader via skjema på nettsida eller e-post blir journalførte og lagra i samsvar med arkivlova dersom dei blir rekna som saksdokument.

Spesielle situasjonar kan føre til kortare eller lengre lagringstid enn det som er skildra her, til dømes ved lovpålagde krav, pågåande tvist eller behov for å etablere, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav.

7 Kva rettar har du?

Når vi behandlar personopplysningar om deg, gir personvernregelverket deg ulike rettar. Du har rett til å:

  • be om innsyn i og kopi av eigne opplysningar
  • trekkje tilbake samtykket ditt når som helst, utan at det påverkar lovlegheita av ei behandling basert på samtykket ditt før samtykket blir trekt tilbake
  • be oss om å rette eller supplere opplysningar som er feilaktige eller misvisande
  • be oss om å slette opplysningane dine i visse situasjonar
  • be oss om å avgrense behandlinga av opplysningar om deg i nokre situasjonar
  • i nokre situasjonar protestere på behandlinga av opplysningar om deg
  • få overført opplysningane dine til deg sjølv eller til ein annan behandlingsansvarleg, dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i samtykke eller ein kontrakt

Det er gratis å utøve rettane dine, og du får svar seinast innan 30 dagar.

Du kan lese meir om innhaldet i desse rettane hos Datatilsynet.

8 Endringar

Dersom vi endrar tenestene våre, eller dersom det skjer endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, kan det føre til at vi må endre informasjonen du har fått her.

Du finn alltid oppdatert informasjon lett tilgjengeleg på denne nettsida.

9 Kontaktinformasjon

9.1 Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet

Har du spørsmål om behandlinga av personopplysningane dine, kan du kontakte oss på:

  • E-post: post@udir.no
  • Postadresse: Utdanningsdirektoratet, Schweigaards gate 15 B, 0191 Oslo

Nasjonalt senter for yrkesfag har besøksadresse Fabrikkveien 13, 6415 Molde. Du kan også kontakte Nasjonalt senter for yrkesfag direkte på nsy@udir.no

9.2 Personvernombodet i Utdanningsdirektoratet

Du kan også vende deg til eller klage til personvernombodet vårt. Personvernombodet er ein uavhengig ombodsperson. 

9.3 Datatilsynet

Du har også rett til å klage til Datatilsynet. Meir informasjon om klage til Datatilsynet finn du på nettsidene deira: Klage | Datatilsynet

10 Informasjonskapslar

Nettsida brukar informasjonskapslar (cookies). Du kan velje kva informasjonskapslar du godtek at vi lagrar. Du kan når som helst endre innstillingane dine.